Steinalderstiane

På begge sidene av Fosnstraumen er det tilrettelagte «steinalderstiar» der du kan læra meir om steinalderen. På Radøy-sida er det to stiar – ein utover Rapeneset og ein mot Ramsvikneset og Kotedalen. På Austrheim-sida er går det ein sti.

Stiar på Austrheimsida

Rapeneset

Stien startar ved Straume kai og går forbi naustmiljøet og vidare utover Rapeneset. Turen er totalt 2,4 kilometer:

Ramsvikneset/Kotedalen

Stien til Ramsvikneset og Kotedalen startar ved Straume kai i Radøy og går austover mot Fosnstraumbrua. Stien er ikkje lang, berre kring 800 meter éin veg. Langs denne stien passerer du nokre av dei største steinalderbuplassane ved Fosnstraumen.