Under granskingane av buplassane ved Fosnstraumen tok botanikarane ut prøvar av pollen frå jordlaga frå steinalder og frå myra utanfor buplassane. Der dukka det opp pollen av kveite og bygg i laga frå yngre steinalder. Dessutan synte pollenanalysane at terrenget i nærleiken av buplassane var beita ned i denne perioden. Dette viser at fangstfolka her var blant dei første i Noreg som eksperimenterte med jordbruk og husdyrhald. I slutten av yngre steinalder kom jordbruket for fullt. Då vart buplassane ved sjøen avvikla og dei rydda i staden jorda der som gardane ligg i dag på Straume og Fonnes.